OM REQUEST

REQUEST er eit band som blei starta utpå nyåret i 04. Bandet har som mål å treffe eit ganske vidt spekter innanfor musikksjangrar og me spelar alt frå gode gamle svisker til heilt dei nyaste hitane. Me vil leggja ut deler av vårt reportoar seinare på denne heimesida. No tel bandet 4 medlemmar:

 

TOR TALLE: gitar og kor (Primus motor)

MARIANNE HAGEN: vokal, rytmeinstrument og kor

TOR-OVE MOUM: bass og kor

KATO LINDE: trommer og perkusjon

Dei fleste i bandet har hatt erfaring frå tidligare band eller prosjekt. TOR er vel mest kjent i bandet etter som han har gitt ut soloprosjekt på cd. Han er og i gang med eit spennande soloprosjekt som vil komme på CD i 2005, der han har med særs kjende vokalistar på plata utan å røpe alt for mykje enno. Kjernen i REQUEST med TOR, TOR-OVE og KATO har vore saman i mange band før (WARNING,NO NAME,SKYLINE m.fl)

REQUEST blei starta etter at bandet Basic, som bestod av TOR, TOR-OVE, KATO og TERJE hadde drive på i vel eitt år. Det var eit band som hadde eit ganske rocka reportoar. Me ville no ha eit nytt band som spelte meir variert, men som samtidig kunne dra rocka låtar om naudsynt. Me satsar meir på eit litt meir dansbart reportoar, med nyare friskare låtar, og me vil ikkje vera eit typisk danseband som spelar gamle Creedence-låtar o.l (spelast kun i nødstilfelle). Ein av dei første jobbane våre var på Knausen Hotell i Leikanger i.h.t Kjeringi Open festen og i skrivande stund skal me på speling i Bergen på BANKOROTTO fredag 1. og laurdag 2. oktober.

 


COPYRIGHT © REQUEST - 2004

WEBDESIGN: KENFRED