|
REQUEST PÅ BANCO ROTTO Her er ein liten oppsumering fra den glimrende helga vi hadde i Bergen og dobbelspelinga på Banco Rotto. Vi reiste til Bergen Fredag 1/10-04 for å spele på Banco Rotto Fredag og Laurdag. Vi kom fram ca kl 18 og da byrja vi å setje opp utstyret og tok lydsjekk etterpå. Når vi kom inn i lokalet på Banco Rotto fekk ivertfall eg (Tor-Ove) sjokk. Eg sa vel noko liknande : " Rauhaita deg kå svært da va her dao. Sjekk da lydanlegget dao", og me lurte vel alle på om me hadde teke vatn over hove. Alle var svært fornøyde med lydsjekken som gjekk svært fort og effektivt og me tykte me fekk kjempelyd både ut og i monitor. Etterpå var det å sjekke inn på hotellet (Marim e.l ) som låg i Rosenkransgt. Der fekk eg og sjokk når eg opna døra. Eg skulle liksom ha einkeltrom men kva var dette: 1 stor stove med dobbelseng,sofagruppe med 2 stolar og bord, kontorbenk m stol. 1 jævla svert bad med 2 vaskar, badekar og dass. I gangen var det ei dør til og eg lurte på kor den førte hen, då var det pina deg 1 svært soverom til med svær dobbelseng og tv og div der og. Så det blei litt tid til å slappe av på hotellrommet før me skulle ut å ete på Sakken der me fekk kjempegod Tex Mex mat og duggfriske halvlitere. Etter proppfulle magar gjekk me bort til Banco Rotto der det allerede var komme litt folk. Me (Tor, Marianne, Tor-Ove, Kato og Terje) gjekk på scena presis kl 00. og vi byrja med dette reportoaret : SET 1 In my car med Shania Twain (countryrockelåt)Old man down the road med John Fogerty (countryrockelåt) I will survive god gammel 70 talls Discolåt Smooth operator med Sade (Latino pop ballade) Flip,flop and fly med Blues Brothers (swinglåt) Take a chance on me med Abba (opprocka Abba versjon) Moonlight shadow med Mike Oldfield (popballade) That don't impress me much med Shania Twain (countryrock) Come together med Beatles (rockelåt) Two princes med Spin Doctors (riff rockelåt) Busses and trains med Bachelor Girl (poplåt) Bare i natt med Mods (rockelåt) I'm easy med David Lee Roth (swinglåt) Kiss med Venke Knutson (pop ballade)
SET 2 So Long heimelaga jazzrock ala Mezzoforte Mighty Quinn med Manfred Mann (rockelåt) Waterloo med Abba (swingrockelåt) Blame it on the Boogie med Jackson 5 (discolåt) You shook me all night long med Ac/Dc ( rockelåt) Ain't no sunshine med ???????? (soul ballade) Creep med Lambretta ( rockelåt) Brown eyed girl med Van Morrison (rockelåt) Tush med ZZ Top ( bluesrock) Luka med Suzanne Vega (poplåt) Mustang Sally med Commitments (soul låt) I feel Lucky med ????? (countryrock) I will survive Reprise Black night/Smoke on the water medley Deep Purple (rockelåt) Lady Marmelade med Moulin Rouge (opprocka discolåt) Med forbehold om litt endringar i reportoaret så var det stort sett slik me spelte 2 sett på ca 1 time pr sett. Me har jo mang fleire låtar i bakhånd me kunne spelt men her ville folk ha eit litt rocka reportoar (takk og pris for det. Eg personle er jævla lei desse f..kings Creedence låtene). Me følte denne kvelden gjekk veldig bra spelemessigt og alle var godt fornøydde. LØRDAG: Etter ein trøytt frukost ( litt sjaber etter litt masse øl kvelden før kanskje he he) var det ut på by'n å shoppe. Eg kjøpte nokre musikk dvdar (Ozzy og Kiss he he da helde leinge veit du) og Tor handla faktisk gitar på Muzikk Magazinet som han brukte på spelinga Laurdagskvelden. Etter shoppinga vart det litt avslapping på rommet før me skulde ut å ete på Sakken igjen (veldig god og masse mat) Me tok nokre halvlitere der og så for vi på pub og slappa av der før spelinga som var kl 00 Laurdag og. Denne kvelden var det stappfult med folk (over 700 stk) og det var mega god stemning på spelinga. Me hadde ca samme reportoar som Fredag og det gjekk kjempebra. Me fekk kjempeskryt både Fredag og Lørdag for at me spelte kjempegod musikk og dei ville gjerne ha oss der igjen. Så på nyåret håpar me at det blir ein Bergens tur igjen. SØNDAG: Ikkje så mykje å skrive om anna enn at me var litt fyllesjuk( he he) og at me skulle pakke ihop utstyr å komme oss heim. Ja foresten så mista vi 3 ting på Banco Rotto som me aldri har funne igjen: 1 digitalt fotoapparat 1 mobil 1 arbandsur Dette var svert rart men men slikt skjer vel. Og på toppen av det heile så tapte Liverpool mot Chelsea seinare på dagen så då vart ikkje formen bedre nei (Huff og huff) Når eg no i skrivande stund ser tilbake på denne helga så hadde vi det heilt topp og vi håpar på gjentakelse.Vi filma happeningen (Bjørnar) på Lørdag så ein liten snutt av det blir lagt ut på denne sida seinare. Med vennlig helsing: Tor-Ove Moum bassist og vokalist i ReQuest e-mail: tor.ove.moum@leikanger.as
|
|